Sterk sprint av Jacob Vaula

Innandørssesongen 2023 kom for alvor i gang i helga. Jacob Vaula (til høgre på bildet) hadde tatt turen til Oslo og Bassen Sprint i helga, og vann 60m klart med 6.80, han hadde også same tid i forsøket. Persen på 6.72 frå 2021-sesongen kan nok forbetrast utover vinteren. I 2021 var Jacob med i EM innandørs, men i år er kravet ein god del hardare – nemleg 6.63 – 1/100 betre enn trenar Erlend Sæterstøl sin 27 år gamle kretsrekord.

Under Nornalekene i Leikvanghallen sette Ida Grytaas Forsmo ein solid pers på 800m med 2:19.36 etter fin harejobb av nyinnmelde Erle Musum Lyng. På 800m for menn var Thomas Iversen-Skoge raskast med 1:59.80, her var ein annan ny løpar – Benjamin Bjørnstad – hare. På 3000m persa Lars Olav Måkestad Apold med fem sekundar til 8:44.42. Her vart Daniel Jacobsen nr. 2 med 8:54. 13, og deretter følgde Daniel Måkestad Fadnes (nr. 3 på 9:07.32), Ådne Nesje Hernes (nr 5 på 9:19.88) og Olav Meling Spikkeland (nr 6 på 9:23.96).

Foto: Arne Dag Myking

Bjarte Bogstad