Ottar Fjellestad er død
I dag har me fått den triste meldinga om at ein av dei mest trufaste medlemmene i Gular, Ottar Fjellestad, har gått bort. Etter eit kort sjukeopphald på Løvåsen sjukeheim sovna han inn der i føremiddag, 90 år gammal. Ottar blei medlem i Gular i 1956 og har vore medlem sidan. Det var spydkast som var Ottar si idrettsgrein. I 1958 kasta han 65.02 som stod som klubbrekord i nesten 20 år, og i 1958 vart han dessutan nr. 4 i senior-NM. Ottar var leiar av hovudlaget i to periodar: 1981-1983 og i 1989. Han har elles vore ein solid støttespelar for laget og var aktiv i dei fleste arrangementa laget stod bak. Han var alltid positiv til å gjere ein innsats. Ottar fekk Gular sitt heidersmerke i 1986.
Me lyser fred over Ottar Fjellestad sitt minne.