Sterk 300m av Andreas og mange veteranmedaljar i NM
Våre aktive var i aksjon på to areanaer i helga – AKS-leikane i Leikvanghallen og veteran-NM på Stange. På AKS-leikane var det Andreas Haara Bakketun som stod for den sterkaste prestasjonen då han vann 300m på pene 34.12, under halvsekundet bak utandørspersen. Tida er den nest beste innandørstida i Norge nokon gong, berre Karsten Warholm har løpt fortare. Andreas vann også 200m på 22.02, her fekk Sondre Lindaas Gjesdal 22.77 og Sivert Fløgstad Sellevold 23.34. På 60m fekk Sondre notert 7.13 som gav andreplass i superfinalen, i forsøket hadde både han og August Hemstad (debut for Gular) 7.17. Benjamin Bjørnstad løp 600m på 1:26.26.
På veteran-NM vart det totalt 9 gull, 6 sølv og 2 bronse. Dei sterkaste prestasjonane kom på sprinten, der Kjell Sælensminde som konkurrerer i MV85 vann både 60m (10.88) og 200m (38.54), begge kretsrekordar i denne klassen. Herborg Blakstad vann også dobbelt i KV 80, med 12.14 og 43.76. Vidare vart det gull på 800m og bronse på 1500m til Reinert Emmerhoff i MV 50. I MV65 tok Frank Atle Kvinge gull på 60m hekk, sølv i høgde og på 3000m kappgang. I MV80 tok Arvid Bjørsvik gull på 3000m kappgang og 200m, og sølv på 800m og 3000m. I MV75 tok Arthur Lillefosse sølv på 3000m kappgang og høgde og bronse i tresteg. På stafetten vart det gull i MV50.