INE VANN SENTRUMSLØPET
Vi har hatt utøvarar i aksjon både på veg og bane og på begge sider av Langfjella denne veka. Laurdag vann Ine Bakken (bildet) sentrumsløpet i Oslo på sterke 33:59 på 10km, her vart Elin Farestveit nr. 8 på 37:59 og i herreklassen vart Johannes Teigland nr. 6 på 31:50. Under Bergen city maraton på laurdag vann Adele Henriksen dameklassen på halvmaraton klart med 1:16.44. Her vart Amalie Joensen nr. 3 med 1:22.31, Ingrid Revheim nr. 4 på 1.24.57 og Anne-Mette Juuhl nr. 5 med 1:27.13. I herreklassen vart Daniel Beeder nr. 3 med 1:12.44, og Geir Storetvedt Skaten vart nr. 2 i klassen 45-49 år med 1:19.23. Marius Vedvik hadde tatt turen til Førde og NM motbakkeløp opp Bystien i heimbyen. Totalt vart det 8.plass på Marius rundt to minuttar bak teten, men vi veit at motbakkar ikkje er Marius sitt spesialfelt, i alle fall ikkje når dei er så bratte som opp til Hafstadfjellet 705 moh.