Gular dominerte på Askstafetten
Gular vann både herre- og dameklassen i dagens Askstafett. Dessutan vart det tredjeplass i juniorklassen for menn og andrelaget for menn vart nr. 4. Begge sigrane var ganske klare. På herrelaget løp Thomas Iversen-Skoge, Tore Akerlie, Andreas Haara Bakketun, Eivind Trym Wikshåland, Eldar Thomassen Fagerbakke og John Petter Stevik, og på damelaget løp Erle Musum Lyng, Ida Grytaas Forsmo, Synne Amundgård og Tuva Thomassen Fagerbakke.
Gular stilte med mange deltakarar på halvmaraton i årets Bergen City Maraton (BCM) på laurdag. Adele Henriksen vann dameklassen suverent med 1:18.59 i den tunge løypa. Amalie Joensen vart nr. 4 med 1:25.00 og Ingrid Havre nr. 9 med 1:26.29. I herreklassen vart Daniel Beeder nr. 7 på 1:13.05 og veteranen Espen Kristiansen nr. 8 med 1:13.11. I halvmaraton-stafetten vart Gular nr. 2 i mix-klassen, berre 28 sekundar bak Varegg.