NM på Jessheim: 1 sølv, 3 bronse og 11 persar

Totalt sett må Gular vere nøgde med innsatsen under NM på Jessheim. Som alltid var det både pluss og minus for våre totalt 22 deltakarar i høve til det ein hadde venta før meisterskapen starta, men god uttelling siste dag kompenserte for litt stang ut dei to første dagane.

Fredag vart det to medaljar. Andreas Bakketun tok ein oppskriftsmessig sølvmedalje på 400m hekk med 52.68 i eit løp som langt frå var fullklaff. Uansett var det ikkje noko å gjere med suverene Karsten Warholm – 46.76 i sololøp på NM er rett og slett rått. Dette var faktisk Gulars første NM-sølv på distansen, tidlegare står vi berre bokført med to bronse. Klubbrekordhaldar Harald Gjengedal hadde nemleg ferierepresentasjon for heimeklubben Fjellhug/Vereide alle dei fire åra han tok gull (1976-1979).

100m vart svært spennande. Jacob Vaula leia lenge, men i fotofinishen viste det seg at både og veteranen Øyvind Strømmen Kjerpeset fekk kasta seg føre Jacob, som persa til 10.39, ei tid som er den beste bronsetida med godkjent vind i NM nokon gong. Her vart August Hemstad (10.66w) og Sondre Gjesdal (10.90) slått ut i semifinalen. August var best av dei som ikkje kom til finalen og løp 2/100  under persen, dessverre var medvinden litt for sterk. Sivert Sellevold vart slått ut i forsøket på 400m.

På 800m gjekk John Petter Stevik til finalen på tid med årsbeste 1:51.51 etter å ha dratt heile sitt heat, medan både Johannes Teigland og Erle Musum Lyng vart slått ut. Vi var godt representert på 5000m, der det vart 5. og 6.plass på duoen Bjørnar Sandnes Lillefosse (13:59.16) og Marius Vedvik (14:15.03). Lenger bak vart det pers på Tore Akerlie med fine 14:16.20, også fin løping av Sondre Hoff med årsbeste 14:22.40 og fin innsats også av NM-debutant Lars Olav Måkestad Apold (15:01.21) som løp i B-heatet. På 5000m for kvinner sette Adele Henriksen årsbeste med 16:49.07 og vart nr. 9. I B-heatet vart det fine persar både på Synne Amundgård (17:18.59) og Anzu Kvam (17:25.62), medan Amalie Joensen var tre sekundar bak persen då ho fekk notert årsbeste 17:29.09.

Laurdag vart det ingen medaljar, men John Petter var berre 8/100 unna då han persa til 1:51.29 i 800-finalen og vart nr. 4. Daniel Jacobsen opna friskt på 3000m hinder og sjølv om det gjekk tyngre etter kvart, berga han femteplassen med 2/100 margin (9:24.02). I 1500m-forsøket gjekk Johannes vidare på tid med ny årsbeste, mens Sondre Hoff, Lars Olav og Eldar Fagerbakke vart slått ut. Utslått vart også Ida Forsmo, sjølv om ho persa med 7 sekundar til 4:37.24. August (21.76, 5/100 under persen, men for sterk medvind) tok seg greit til semifinalen på 200m mens Sivert vart slått ut.

 

Søndag

I semifinalen på 200m vart August utslått på 21.85, og som på 100m hadde han best tid blant dei som ikkje kom til finalen.

1000m stafett vart ein thriller. Etter at Jacob og Sondre (Gjesdal) hadde meldt forfall, vart laget Sivert-August-John Petter-Andreas. Gular låg eit godt stykke bak teten etter tre etappar trass i god løping av alle tre, men etter ein rå sisteetappe av Andreas tok gutta bronse med 1:54.69, 12/100 før Sandnes.  PÅ bildet ser vi frå venstre Sivert, John Petter, Andreas og August.

Johannes løp klokt på 1500m og vart nr. 9 med solid pers 3:47.07. På 10000m vart det bronse til Bjørnar med 29:03.01, Marius vart nr. 7 med 29:53.99, og Sondre og Tore persa med hhv. 30:03.93(8.plass ) og 30:29.33 (10. plass). Amalie Joensen vart nr. 7 på 10000m med fin pers 36:49.82.

 

 

Dessverre klaffa det ikkje så bra for våre deltakarar på EM U23 i finske Espoo. Både Jacob Vaula (100m) og Andreas Bakketun (400m hekk) vart slått ut i forsøket. Det vart også stafettlaget på 4x100m der August Hemstad og Jacob løp dei to første etappane, og Adele Henriksen braut 10000m i den finske sommarvarmen.

Bjarte Bogstad