Jacob Vaula vår beste løpar så langt i år
Jacob Vaula har vore den Gularløparen som har markert seg mest i år, no sist med pers 10.43 på 100m Bislett Games og uttak til EM for landslag som går i Silesia i Polen (direktesendt på NRK) komande helg. Der skal Jacob i tillegg til 100m løpe 4x100m stafett. Med fleire løp under EM U23-kravet på 10.50 reknar vi også med at han er klar for denne meisterskapen som går i finske Espoo i midten av juli. Her har vi fleire aktuelle deltakarar – Adele Norheim Henriksen har klart kravet på 10000m og Maren Austevik Bø var berre sekundet bak i London. På sprint er August Hemstad (flott persing til 10.70 på 100m på Bislett Games) aktuell dersom det blir lag på 4x100m og Andreas Bakketun luktar på kravet på 400m – Norge har eit sterkt stafettlag på 4x400m og der bør han i alle fall kunne kome med.
Vi trekker elles fram fin 800m-løping av Johannes Teigland – to persar med 1:52.82 på Bislett games som den beste, men han får nok konkurranse av John Petter Stevik om å vere best i klubben – John Petter var raskast av dei to med 1:53.23 på Trond Mohn Games, der Eric Berger også persa til 1:54.69. På denne distansen har også Thomas Iversen-Skoge levert fin løping med 1:55.46 på friidrettsfestivalen i Strandebarm. På 1500m toppar Eivind Trym Wikshåland framleis ute-statistikken med 3:49.92, deretter følger Johannes Teigland (3:52.15) og Tore Akerlie (solid pers 3:52.23) med sine løp på Jessheim. Tore konkurrerer flittig og er fortsatt listetopp på 5000m med 14:27.22 framfor Lars Olav Måkestad Apold med 14:51.24 frå Tønsberg.
Blant jentene noterer vi flott 800m-løping av Erle Musum Lyng. På Bislett Games kom ho endeleg i eit godt felt og sette ny U23-klubbrekord med 2:09.90. På 1500m og 3000m er det Anzu Lovise Kvam som toppar listene med 4:41.57 og 9:59.35, medan Maren og Adele toppar på hhv. 5000m og 10000m. Her har det blitt mange persar i det siste, mellom anna av 2007-modellen Mia Austevik Bø (10:21.51 på 3000m) og Ida Grytaas Forsmo (2:18.93 og 4:43.16) – Ida fyller 19 i år.